Då var det NMet unnagjort, og dei fleste som var med har kanskje fått varmen igjen etterkvart.. Som skrevet førre gong her var eg litt usikker på om eg skulle klare å finne ein toppform, og det var mykje att og fram siste to vekene. Men eg hadde ei veldig bra hardøkt få dagar før, så eg kjente meg nokså trygg på at formen skulle vera minst like god som den var på NM i fjor og då var den slettes ikkje verst. Etterkvart som det nærma seg blei også vervarselet meir og meir sikkert. Etter at det hadde vore to veker med knallver og tørt, fint føre, skulle det plutseleg slå om på rittdagen med over 25mm regn og tilhøyrande kalde temperaturar. Det betyr at løypa går frå å ha godt, forutsigbart grep, til å bli sleip og glatt. Ikkje mitt favorittføre. Eg er ikkje elendig på glatta, men heller ikkje blant dei beste. Dette rittet har eg køyrt seks gonger tidlegare, og det har vore tørt og fint alle gongene. Området nord i Gudbrandsdalen er også ein av dei plassane i Norge der det regner minst, så det var litt overraskande at det skulle bli såpass vått. Skulle eg klare å vinne ville eg helst hatt tørre forhold, men veret er uansett likt for alle, så her var det berre å sette på passande dekk og la det stå til. Det gjeld og å ha rett innstilling før start, då masse regnver på over 1000 meters høgde gjer som regel at ein kan telle antal plussgrader på ei hand.. Våt og kald blir ein då nesten uansett, så det gjeld å ikkje kjenne altfor mykje etter. Starten gjekk, og det begynte å sprekke opp allereie i det me gjekk inn i første motbakke. Det gjekk veldig fort, og eg gav nokre meter , då eg ville unngå pinnestive bein oppover den første lange stibakken. Det gjekk greitt, og eg var vel rundt 7.-8. posisjon oppover stien. Køyrte med god kontroll, for å kunne auke farten litt etter kvart og køyre meg opp til teten. Det kjentest nokså greitt ut og avstanden opp var ikkje spesielt lang. Eg auka farten litt og litt og kom meg opp til rundt 4.-5. posisjon etter ein halvtimes tid, og ting såg greitt ut. Eg hadde fått med meg at fjorårsvinnaren hadde fått ei luke i front, elles var det sånn høveleg samla, i den grad det går an å vera samla i eit slikt terreng. Det striregna, og var både gjørmete og glatt, men ikkje verre enn at eg hadde bra kontroll. Det kunne faktisk vera til min fordel at det var vanskeleg føre, ettersom ritt-tida då går opp. Og jo lenger, jo betre! Plutseleg la eg merke til at eg satt litt lågare enn normalt. Eg tenkte setepinnen hadde sklidd litt ned, eller at senkepinnen ikkje ville holde setet helt oppe. Ikkje noko stort problem, eg kan fint sykle med litt lågare sete. Skulle det sige skikkeleg er det raskt og lett å fikse i langesonen, kun sekundar tapt. Etterkvart som tida gjekk begynte eg også å slå pedalane nedi stein og røtter som stakk litt opp. Det gjer ein jo av og til, spesielt med fulldempa syklar, om bakdemparen blir komprimert akkurat i det pedalen er på lågaste nivå i tråkket. Men no skjedde det mykje oftare enn kva som er normalt.. Det var då eg såg at bakdemparen hadde begynt å lekke luft. Etter ein liten times sykling var eg allereie nede på halvparten av vandringa. Ikkje rart eg syntes eg satt litt lågt, og at pedalane slo nedi. Det var berre å håpe på at det ville halde seg på halvparten av vandringa, og at eg ikkje skulle miste meir luft enn eg allereie hadde gjort. Eg var fortsatt med i teten og hadde gode medaljesjansar. Me var jo ikkje halvvegs eingong! Det skulle vise seg at demparen lakk som berre det, og etter nokså kort tid var det nesten ingenting luft igjen. Eg var nede på den siste centimeteren av vandringa, og bakkeklaringa på pedalane var nede i kun eit par centimeter. Då blir det vanskeleg sykle bra i ei såpass teknisk løypa. Eg vart fråkøyrt av fleire, utan at eg kunne gjer noko med det. Eg måtte prøve å låse demparane for å halde høgda så høg som mogleg, samt å stå å sykle for å «vagge» sykkelen frå side til side for at pedalane ikkje skulle subbe i bakken. Game over i medaljejakta for min del – og DNF på resultatlista. Did Not Finish. Veldig skuffande. Eg hadde sett fram til dette NM lenge. Trent 550 timar i dei første seks mnd av 2021. Bygd opp ein solid base, og fått skvist ut ein god toppform. Ein toppform eg ikkje fekk brukt. Eg kjenner meg litt snurt, samtidig veit eg jo godt at innen toppidretten så har ein ingen garantiar. Ein kan gjere verdas beste forberedingar, men det betyr på ingen måte at ein er sikra å kunne omsette det til toppresultater. Eg visste eg kunne vera i mitt livs form, men kutte opp eit dekk i første skarpe stein, eller tryne og knekke kragebeinet i første dropp og dermed ville alt bli mislykka. Det var ingenting eg kunne gjort annleis. Det var ingenting på forhånd som tilsa at bakdemparen skulle begynne å lekke. Det var kort tid sidan forrige service, og både den og resten av sykkelen fungerte heilt perfekt før dette. Sånn er det i terrengsykling. Så NM gjekk fløyten, og det var eit lite antiklimaks nå i dagane etterpå. Heldigvis var dette kun første ritt i sesongen, og treningsjobben eg har gjort vil eg dra god nytte av dei neste månadane. Så no må eg berre legge ein god, og motiverande rittplan framover, og ikkje tenke så mykje meir på dette. Pakningen som lakk i demparen er bytta, og sykkelen er klar for nye treningar, for fleire ritt utover sommaren og hausten! Eg «trøstar» meg litt med at Emil Hasund Eid, som vann, køyrte det råaste rittet eg har sett nokon gong. Ingen var i nærheten ein gong, det var rett og slett kult å sjå nivået hans. Så eg hadde ikkje vunnet NM i år, sjølv om sykkelen hadde holdt. Ein pallplass ville vore mogleg, men eg har nok av både sølvmedaljar og bronsemedaljar frå NM frå tidlegare, så eg lever godt med det. I år var det eigentleg seier, eller ingenting. Det vart ingenting. Lars Granberg
0 Comments
Hei igjen! I dag er det ei veke til NM, og eg sit på fjellet ovanfor Kvam og Vinstra i Gudbrandsdalen og prøver å hente meg inn igjen etter eit par harde treningsdagar her oppe. Ein heil tur rundt løypa i roleg tempo, rundt 5 - 5,5 timar, og ein runde i løypa i konkurransefart som ei rittsimulering dagen etter. Med 11 månader (!) sidan førre ritt er det ikkje berre berre å fyre maskineriet opp igjen for full gass. Løypa her oppe er sånn generelt slik som dette: 15 min på grus etter start, før eit bratt parti på 100 meter som må springast, der er det ikkje mulig å sykle. Når ein set seg på sykkelen igjen er det røff høgfjellsti, som går over i meir skogssti dei neste to timane(!). Mange trur ikkje på dette, men det er sant. Det er ei blanding av motbakkar og rå utforkøyringar som krever sitt både av rytter og utstyr. Fleire stader er det så bratt ein må gi absolutt alt for å berre komme seg opp kneika. Dette koster krefter! Heile stipartiet blir avslutta med ei bratt, krevande utforkøyring på sti der ein skal ned over 600 høydemeter i ein jafs. Her er det fjellvegg på eine sida, og oransje gjerder (alpin-sikring) på andre sida. Du vil ikkje velte ned i ura utfor gjerdet, då blir du nok sendt til dei evige jaktmarker.. Når ein så har komme til løypas lågaste punkt er det bratt klatring på grusveg som slynger seg i fine hårnålsvingar oppover på fjellet igjen. Her får ein alpefølelsen og vel så det. Bratt grusveg som ligg i solveggen, og går gjennom det eine gårdsbruket etter det andre. Opp denne bakken er det mange som får smellen. Eg har fått den sjølv her fleire gonger. Dei første 2,5 timane av løypa koster såpass mykje at det er veldig vanskelig å holde eit skikkeleg trøkk oppover her. Har ein sløst med kreftene, slurva med drikka, og ernæringa undervegs får ein svi oppover her. Det er ingen stader å gøyme seg bort, og over 12% snittstigning på seig grus gjer at ingen får noko gratis. Her kan ein vinne, og tape rittet. Eg har prøvd å jobbe med dette i heile vår då eg alltid har fått problem oppover her. På gjennomkøyringa i forgårs var det også bom stopp opp bakken, og eg måtte roe heilt ned. Sjå for deg ein fjelletappe i Tour de France. Dei som går i bruddet og bruker krefter og energi heile dagen stoppar ofte nesten heilt opp når dei kjem til eit langt fjell på slutten av etappen, sjølv om mange av dei faktisk mater det dei kan. Det ser ut som dei står stille samanlikna med dei som kjem med «friske» bein som har sittet i hovedfeltet heile dagen. Men av og til er det ein og annan som klarer å holde trøkket heilt til mål, sjølv etter å ha køyrt i brudd heile dagen. Han har klart å ete og drikke jevnt og trutt, og ikkje brukt meir krefter undervegs enn absolutt nødvendig, og har dermed akkurat litt drivstoff igjen innabords til å klare å trøkke jevnt, hardt til mål. Skal eg kunne vinne, eller komme på pallen, må eg ha ein liten reserve igjen til den bakken, samtidig vere med i teten når eg kjem dit.. Så enkelt, men så vanskeleg. Derfor digger eg denne løypa! Frå toppen av bakken og inn til mål er det grus og relativt lett høgfjellsti. Høyres lett ut, men det er relativt seigt likevel. Eg har køyrt eindel spesifikke treningsturar heime i gjennom våren og forsommaren. Det vil seie 2,5 - 3 timar med solid «mating», der eg ligg eit snitt på rundt 300 watt/4,6-4,7w/kg heile tida, så avslutter eg med ein passande bakke på rundt 20 min der eg køyrer så nærme terskel som mulig, mellom 360 og 380 watt. Tømmer eg glykogenlagra fullstendig ila dei første 2-3 timane, blir det umulig å holde bra trøkk på slutten. Då går eg på bånn-nivået mitt som er rundt 300 watt. Den kraften eg kan holde heile dagen, om eg gidd. Det er avgjerande å få i seg gel og drikke jevnt og trutt. Det er lett på trening og i dei fleste løyper. I denne NM løypa er det dritvanskeleg. Sidan det utelukkande er sti kan ein kan ikkje berre sleppe styret kor som helst ila dei to første timane. Då er det lett å nedprioritere den drikkeflaska.. så det blir superviktig undervegs. Eg har og eksperimentert ein del med diverse ernæringstiltak undervegs, for å kunne få ein liten boost, når eg treng den. Bl.a ein koffeinshot på rundt 260mg koffein som eg tar rundt 45 min før eg kjem til bakken. Koffein brukar mellom 40 og 70 min å bli tatt opp av kroppen, det er individuelt. Så eg brukte litt tid på å finne ut kor lang tid min kropp brukte på dette. Korleis det går vil tida vise, men eg har i alle fall gjort det er har trudd var det beste. For omtrent ein mnd sidan var eg i veldig bra form og hadde ein god følelse. Då tok eg ein råsjangs på eit formtoppingsopplegg som er litt utenfor det normale. Eg har alltid kjørt eit safe opplegg i alle år, og med to bronsemedalalar, og to sølvmedaljar i NM frå tidlegare er det på tide å ta litt meir sjanser for å prøve å få i komplett samling. Kan gå nærmare inn på dette seinare, men hadde eg NM vore i dag, hadde eg definitivt ikkje vunne. Sikkert ikkje kommet blant dei 10 beste eingong! Men det skal skje mykje den siste veka, forhåpentlegvis til min fordel.. men eg er neimen ikkje sikker. Kanskje har eg bomma heilt, kanskje har eg truffe blink. Eg angrar litt på at eg ikkje fulgte eit litt meir tradisjonelt og sikkert treningsopplett siste månaden, men det er jo lett å sei nå når det føles litt seigt. Nå må eg fullføre, og så får eg fasiten om ei veke! �� Lars Granberg |
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |