Sju veker har gått sidan NM, og første ritt etter fiaskoen oppe ved Rondane vart første Norgescup på sørlandet. Der var det fint sommarver og tørre stiar, så heilt motsatt av NM. Eg slapp meg litt ned treningsmessig etter NM, og bortsett frå eit par gode langturar, var kun på sykkelen for å halde beina i gang. Sånn sett var eg litt spent på korleis beina skulle vera då eg reiste nedover til sørlandet. Det kjentes seigt ut i første halvdel, men etterkvart var eg "godt kørende" og det svarte bra. Hadde jo helst sett at det var eit lenger ritt enn kun 2,5 timar, menmen. Mot mål var me fire stk i teten og eg tapte den spurten med forholdsvis grei margin. Nokon spurtar blir eg aldri :-) Så sjøl om avstanden opp til seier var minimal, er det vanskeleg å vera fornøgd med ein slik plassering. Uansett, fin start på det som skulle bli ein bra treningsperiode. I vekene etter var rundt om i landet og prøvde å finne lange, gode bakkar for å kjøre lågterskeldrag i. Fann mange fine, til og med nokre nye bakkar i Etne eg ikkje visste om og eit par seige motvindsbakkar i Nesflaten. Den kulaste var likevel Tusenmeteren i Øvre Årdal. 1000 høgdemeter der dei 600 siste er på litt halvgrov grusveg. Ein av dei finaste bakkane eg har sykkel, uansett land. Kan anbefalas! Lange bakkar var ikkje utan grunn. Eg responderer bra på i3 drag, og har lagt ein bra plan om eit UCI ritt i Tsjekkia 11. september, og eit firedagars etapperitt i Alpene veka etter. Desse kan eg komme tilbake til seinare her. Det må ein solid treningsmåned i banken først! Eg tok ned mengden litt, og la inn meir intensitet på litt under terskel. Klokka inn rundt 85 timar på sykkelen i juli, og det same ser det ut til å bli i august. For å lade opp til dei neste tre vekene tok eg det med ro forrige veke, noko som også passa bra med å ha littegrann overskudd til Birken. Fint at det er tilbake etter avlysninga i fjor. Det var kun den vanlege versjonen av rittet som blei arrangert i år, så dermed står eg fortsatt som ubeseira i Ultrabirken sidan 2017, hehe. VanligBirken har eg ikkje vore med på sidan 2015, og eg har heller ikkje noko resultat å kunne skryte av. Eg blei nr 10 i 2011, og det er det beste eg har fått til. Sida Ultrabirken utgjekk i år, var eg gira på eit toppresultat her. Eg satte tilogmed på stiv gaffel på hardtailen, for å kanskje klare å sette enda meir syre i beina på dei andre i motbakkane. Siste skikkelege hardøkt, der det eine bildet er fra kjentes veldig bra ut så eg var optimist. Ikkje minst var det meldt fint ver! Men bra skulle det ikkje gå, for eg punkterte allereie etter ein god halvtime. Midt på ein grusveg.. skal nesten ikkje vera mogleg. Eg blei pottesur, satte i ein slange og sykla kortaste veg tilbake til Rena. Å bruke eit minutt eller to på å fikse og komme seg vidare kan gå fint i f.eks Ultrabirken eller andre ritt. I 2018 punkterte eg i Ultrabirken, men brukte ein times tid på å køyre meg opp igjen, og kunne stikke frå dei andre på slutten. Men i Birken er det null sjans å komme tilbake, og eg ville havna laangt bak på listene.. Det gadd eg rett og slett ikkje. Så dermed gjekk Birken like rævva som NM. Kommande helg er det Norgescup i Mjøndalen, i ei bra løype, visstnok. Den er ny for meg, men eg er gira på å gjer det bra og få ein god følelse, kunne trøkke til og køyre frå folk. Treng litt sjølvtillit før eg reiser til Tsjekkia veka etter.. Med min flaks og flyt i år så blir eg vel sikkert totalt wasted av andre vaksina som eg skal få om få dagar.. hadde vore typisk. Eg legg uansett inn rolege, lette treningsdagar no i forkant, og satser på det går greitt! Er vel kun dei som får dei hardaste bivirkningane ein høyrer om. Krysser fingrane! Lars Granberg
0 Comments
Pølserunden 2021 Sviland (Sandnes)
Fellesstart 57 km 850 høydemeter. Det har gått 1 år siden forrige fellesstart så var det kjekt å endelig å få tatt på seg CKH Rittdrakten i ei kjekk løype på Sviland i Sandnes for litt konkurranse. Med god, stabil og mye trening siste året så er forventningene høye i høst der første prioriterte ritt er om ei drøy uke «Lysebotn – Bryne» Deretter skal jeg og 3 andre CKH’ere (Kjetil Toth, Rune Vidar Vestre og Tor Erik Lindøe) delta på Kristiansand – Hovden med Sandnesekspressen i forsøk på rekordtid ⚡ Som vanlig var jeg enslig CKH rytter og da er det vanskelig å gjøre mye mot Sandnes som har mange og sterke ryttere å spille på. Hadde gode bein og kjørte bra i tet i alle bakker, men de var nok ikke helt lange eller bratte nok og med siste halvdel av løypen med negative 300 høydemeter så ble det litt som forventet. Resultat: 4.plass med 3 Sandnes ryttere rett foran 😃 Etterpå var det så mye pølser en orket å spise 👍🌭 supert arrangement av Anders Utbø Sakseid Turen kan dere se på Strava her: https://www.strava.com/activities/5744305680 Morten Storesund |
Details
AuthorWrite something about yourself. No need to be fancy, just an overview. Archives
October 2021
Categories |